Nynorsk (snl.no) Nynorsk er eitt av dei to norske skriftspråka. Det andre er bokmål. Det nynorske skriftspråket vart utforma på 1800-talet av språkforskaren Ivar Aasen på grunnlag av dei norske dialektane. Nynorsk blir brukt av omtrent ti prosent av dei som skriv norsk i Noreg. Årsaka til at det finst to norske skriftspråk, er unionstida mellom Noreg og Danmark (1537–1814). I denne perioden var dansk skriftspråket i Noreg. Etter lausrivinga frå Danmark var det store diskusjonar i Noreg om korleis norsk skulle skrivast. Somme ville fornorske det danske skriftspråket gradvis. Dette vart grunnlaget for bokmål. Andre ville konstruere eit nytt skriftspråk basert på dei norske dialektane. Den som tok til med eit slikt prosjekt i praksis, var Ivar Aasen. Den mest avgjerande delen av prosjektet til Aasen var å få ut ein felles overgripande skriftnormal basert på alle dialektane. Det første utkastet til ein slik normal la han fram i boka Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853. Med Landsmaal meinte han eit mål for heile landet, ikkje for enkelte landsdelar eller distrikt. Dette var det vanlegaste namnet på målforma fram til 1929. Da vedtok Stortinget at det offisielle namnet på målforma skulle vere nynorsk. Nynorsk ekspanderte i heile den første delen av 1900-talet, både politisk, i skulen og i litteraturen og kulturen. Ikkje minst kyrkja vart ein viktig arena for nynorsk, ho var blant dei første institusjonane som opna for bruk av nynorsk. Etter andre verdskrigen skjedde det eit skifte, og det kom ein tilbakegang for nynorsk. Ein viktig faktor var sentraliseringa av busetnadsstrukturen som gjorde at mange grendeskular der nynorsk var hovudmål vart slått saman med byskulane i området, som brukte bokmål. I dag står nynorsk sterkast på Vestlandet og tilgrensande område, i det som ofte kallast «det nynorske kjerneområdet». Det blir òg nytta i det nasjonale kulturlivet, i massemedia og i statsforvaltninga jamsides bokmål, men i mindre omfang. Forholdet mellom bokmål og nynorsk har vore eit av dei store politiske stridsspørsmåla i Noreg heilt frå slutten av 1800-talet. I norsk språkhistorie er nynorsk også blitt nytta synonymt med moderne norsk som ei nemning for perioden etter cirka 1525, til skilnad frå gammalnorsk og mellomnorsk.